Våre handlaga luer er strikka i 100% ull (såklart!). Ulla kjem frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, og det er eit nydeleg forgarn. Vi nytter kun ufarga forgarn. Det vil seie at den fargen sauen har – den fargen blir også lua. Tre gråtonar, tre bruntonar og kvit er fargane du får lua i. I tillegg har vi nokre eksklusive luer i ull frå pelssau, denne er kun i mellomgrå. Lua skal passe til både menn og kvinner, og større unger. Den er lett og luftig, men samstundes lunar den godt. Slik er det ei lue som varmar nok til vinterbruk, men samstundes er luftig og fin å bruke til haust og vår – ei heilårslue. Den toler vanleg ullvask, blir litt tettare og flatare i strukturen ved lang tids bruk, men er overraskande haldbar.

Har du lyst å strikke sjølv? Vi har oppskrifta!