Velg en side

Plantefarga garn

Vi har nett lært oss å farge garn med plantar vi finn ute på tur i nærleiken. Og gjett om vi har fått dilla! Ikkje avanserte fargeteknikkar – vi er ferskingar i faget – men fint vert det likevel. Det meste i norsk natur vert visst gult har vi lært, men jakta på den perfekte gulfargen er verkeleg spanande. Og garnet får ei heilt anna sjel enn fabrikkfarga. Det syns no vi:) Garnet vi nyttar er Hillesvåg sitt Ask garn. Det passer til det meste; til dømes gensrar, kofter, luer, vottar og sokker.