Laugarhuen

kr 50

Laugarhuen er ein hyllest til Laugaren, beste badstua i Bergen, og ikkje minst alle dei fine frivillige som er med å drifte den. Finn @bergenlaugarlag på Instagram, eller sikre deg billett til badstua på nett: laugaren.no.

Kategori:

Beskrivelse

Laugarhuen er ein hyllest til Laugaren, beste badstua i Bergen, og ikkje minst alle dei fine frivillige som er med å drifte den. Finn @bergenlaugarlag på Instagram, eller sikre deg billett til badstua på nett: laugaren.no.

Laugarhuen er strikka sidelengs, med riller og forkorta rader. Den har ein ganske spiss topp, med eit lufterom som hjelper med å halde hovudet kaldt i heite badstuer. Hempa i toppen er valgfri, men praktisk om du vil henge den på ein knagg for tørking og oppbevaring.

Du kan endre vidda på lua ved å strikke færre eller fleire riller enn i oppskrifta, og lengda kan du endre ved å legge opp fleire masker. Etter strikking er lua tova grundig i vaskemaskin.

Storleik
S – M – L
Ver merksam på at toving og val av garn og speler ei stor rolle.

Garn
Rauma Finull eller Hillesvåg Ask, strikkast med dobbel tråd.
Mengde: 100g – 100g – 150g
Alternativ med enkel tråd: Rauma Vams, Sandnes Fritidsgarn.
Eller tråd som gir liknande tjukkelse. Det er svært viktig at garnet er rein ull og kan tovast. Ikkje bruk superwash-behandla garn.

Pinner
Pinne 6 mm, eller ein tjukkelse som passar til garnet. Det skal vere noko lausare strikka enn ellers, slik at garnet har rom for å tovast skikkeleg.

Har du problem med Paypal og heller vil bruke Vipps så send meg ein epost