Beskrivelse
Vi fargar med planter som vi sjølv finn i nærmiljøet. Ingen skadelege kjemikalie for miljø og menneske er nytta under prosessen.
Plantefarga garn kan falme noko av lys, dette varierer noko frå plante til plante. Ta kontakt om du vil vite meir om om dette. Unngå å oppbevare plagg eller garn i direkte sol. Ver merksam på at det i nokre tilfelle kan vere overskot av farge første gong du vaskar plagget, men det skal ikkje farge av på andre klede. Likevel bør du vaske plagget for seg sjølv første gong.