Såpe i fast form er bra for miljøet fordi vi slepp emballasje. Dei er heilt utan parabener og anna som ikkje er godt for hverken kroppen din eller naturen. Kan nyttast over heile kroppen, også i andlete. Passar vaksne og born.
Om såpa du får tilsent har mindre vekt enn det som står her, så kjem det av at vatnet har fordampa under tørking og lagring. Såpa vert også mindre over tid. Men dette går ikkje ut over mengda såpe, heller motsatt. Den vil vare lenger i bruk, og har betre såpekvaliteter enn ei ferskare såpe.
Generelt innhald: Olivenolje, kokosolje, rapsolje og lut
GEITRAMS
Geitrams verkar astringerande, betennelsesdempande og beroligande. Den kan nyttast for å roe irritert hud.
GROBLAD
Studier har vist at groblad inneheld kjemiske stoff som desinfiserer skader, drep sjudomsframkallande organismer, hindrar betennelsar og fremskundar lækinga av sår, svulster, betente brystvorter, insektstikk og infeksjoner.
LØVETANN
Løvetann er nok mest nytta til innvortes bruk, men har og gode kvaliteter innan hudpleie. Den er svært rik på vitaminer og mineraler. Uttrekk av planten verkar lindrande på sår og irritert hud.
MJØDURT
Mjødurt styrker kapillærårenes veggar og virker som ein antioksidant. Nyttast mot hudinfeksjonar, skader, forstuingar, bloduttredingar og verkesår. Rensar huda og lindrer kviser og utslett.


