Laugarhuen oppskrift

kr 50

Strikk di eiga badstulue! Laugarhuen er ein hyllest til Laugaren, beste badstua i Bergen, og ikkje minst alle dei fine frivillige som er med å drifte den. Finn @bergenlaugarlag på Instagram, eller sikre deg billett til badstua på nett: laugaren.no.

Du får oppskrifta på epost så snart kjøpet er gjennomført. I tillegg sender eg den via Ravelry (det kan ta litt lengre tid før du får den)

Her kan du betale med paypal og kort. Dersom du heller vil bruke vipps, så send ein epost med ditt telefonnummer til post@flokeriet.no

Beskrivelse

Laugarhuen er strikka sidelengs, med riller og forkorta rader. Den har ein ganske spiss topp, med eit lufterom som hjelper med å halde hovudet kaldt i heite badstuer. Hempa i toppen er valgfri, men praktisk om du vil henge den på ein knagg for tørking og oppbevaring.

Du kan endre vidda på lua ved å strikke færre eller fleire riller enn i oppskrifta, og lengda kan du endre ved å legge opp fleire masker. Etter strikking er lua tova grundig i vaskemaskin.

Storleik
S – M – L
Ver merksam på at toving og val av garn og speler ei stor rolle.

Garn
Rauma Finull eller Hillesvåg Ask, strikkast med dobbel tråd.
Mengde: 100g – 100g – 150g
Alternativ med enkel tråd: Rauma Vams, Sandnes Fritidsgarn.
Eller tråd som gir liknande tjukkelse. Det er svært viktig at garnet er rein ull og kan tovast. Ikkje bruk superwash-behandla garn.

Pinner
Pinne 6 mm, eller ein tjukkelse som passar til garnet. Det skal vere noko lausare strikka enn ellers, slik at garnet har rom for å tovast skikkeleg.