Beskrivelse
Storleiken på denne oppskrifta kjem an på kva følgetråd du brukar, og kva pinnar. Pinnane bør tilpassast følgegarnet, til dømes til Vilje Lamull eller Finull har eg nytta pinne 3. Då vil votten passe til ei lita eller middels kvinnehand. Nyttar du Sol Lamull og pinne 3,5 vil votten passe ei mykje større hand (L/herre). Men dette kjem sjølvsagt også an på kva lengde du strikkar, så prøv den på undervegs så den blir akkurat slik du vil ha den. Ha gjerne favorittvotten din liggande klar for målingar. Strikkar du til ein person du ikkje har for handa når du treng å prøve votten på, er eit triks å få personen til å teikne rundt handa si på eit ark.
XS + Rauma Lamull + pinne 2,5
S/M + Hillesvåg Vilje, Ask, Sølje, Rauma Finull, 2-tråds strikkegarn + pinne 3
L + Hillesvåg Sol, Embla, Tinde, Rauma 3-tråds strikkegarn + pinne 3,5
Ver merksam på at restegarnet du nyttar og din strikkefasthet vil spele inn på storleiken.
Garnet vi nyttar er i første rekke restegarn. Og her kan du bruke det aller meste: det aller tynnaste kan vi legge dobbelt, og det tjukkaste kan vi dele opp. Men nøye er det ikkje for det vert fint uansett. Vi må også ha ein følgetråd som er med heile vegen. Vi strikkar heile tida med dobbel tråd: ein følgetråd og ein frå restegarnhaugen. La endane på restegarnet henge laust på innsida av votten. Brukar du kardegarn som følgetråd vil det helde snuttane betre på plass enn ein glatt superwash variant.
Votten er strikka frå tuppen, noko som gjer rom for å prøve den på og tilpasse undervegs. Ikkje ver redd for å gjere litt om medan du strikker, har du til dømes ei lang smal hand er det nyttig å strikke votten lengre og gjerne legge inn fleire omgangar mellom aukingane og fellingane. Eg likar best å strikke begge vottane samstundes på ein lang rundpinne, men du må gjerne strikke ein om gongen.





